Påskekyllingar?

Tirsdag 23. februar 2016 la vi 16 egg til ruging i rugekassa i barnehagen. Dersom temperaturen er stabil og egga av god kvalitet (befrukta), skal kyllingane bli klekka tirsdag 15. mars.

I år kom påska litt brått på oss. Både hønene og dei involverte hanane fekk noko kort frist på seg til å levere egg, men 16 egg greidde vi å få tak i.

Etter å ha fått stabil temperatur i rugekassa, fekk barna hjelpe til med å legge i egga. Oppdraget blir utført med stor forsiktigheit og med ei mengde vanskelege spørsmål. "Kan vi ruge ut kyllingar frå "butikkegg", går det an å koke desse egga her, korleis kjem kyllingen seg inn i egga?", osb. Stine, som hjelp barna med å legge i egga, svarar tilfredstillande på spørsmåla etterkvart som dei kjem.

Vi følgjer med på egga kvar dag, men det er først når det nærmar seg tirdsag 15. mars at det blir verkeleg spennande...