Teaterbesøk i barnehagen

Onsdag 9. mai 2012 fekk Rørstadmarka barnehage besøk av "Prinsessen som ikke ville le" fra Teateret vårt. Barna på barnehagen hadde stor forståing for at prinsessa kjedar seg på slottet, sidan ho aldri får besøk.

I dag var det dei eldste barna ved barnehagen som fekk glede av "Kultursekkens innhald" med teaterstykket om prinsessa som ikkje ville le. Barna ved barnehagen ser sjølvsagt mange fordelar med å vere prinsesse, ein er mellom anna vakrast i landet, i følgje prinsessa sjølv. Men det blir lange dagar på slottet for ei prinsesse.

I teaterstykket fekk vi møte kongen som lova ut prinsessa til den som kunne få henne til å le. Mange figurar forsøkte seg. Roboten forsøkte seg med vitsen om katt med slips, utan at prinsessa lo. Spiderman gjorde sterkt inntrykk på mange av barna med sitt blotte nærvær og med si framføring av trønderrock.

Den som til slutt fekk prinsessa til å le var Tyri Hans ved hjelp av gullgåsa. Både prinsessa og barna var engasjerte i det underhaldande stykket.

Foresette kan sjå fleire bileter ved å logge seg inn.