Henry-dukke frå Røde kors

Langevåg Røde Kors bøsøkte Rørstadmarka barnehage saman med dukka Henry. Henry er ei dukke som skal bidra til å lære barn mellom 3 og 6 år enkel førstehjelp.

Saman med dukka Henry, kom Ingrid frå Langevåg Røde Kors til barnehagen i dag. I samband med ei kampanje i Røde Kors der dei skal lære små barn enkel førstehjelp, gir Røde Kors denne dukka Henry og eit opplæringsprogram til barnehagane.

I dag fekk vi møte Henry som ramla på trehjulsykkel. Han fekk sår på kneet, albogen og på fingrane. Barna fekk lære at dersom nokon skadar seg, skal dei først ta kontakt og spørje korleis det gjekk. Så skal ein hente ein vaksen, før dei ser om det er noko dei kan hjelpe den skadde med. Barna fekk vere med å vaske og plastre dei tre såra som Henry hadde fått.

Etterpå fekk vi sjå korleis det gjekk då Henry ramla ned frå eit tre. Han svima av, men såg ikkje skada ut elles. Han blei lagt i stabilt sideleie. Barna blei delt inn i grupper og fekk øve på å legge ein vaksen i stabilt sideleie. Det klarte dei veldig bra.