Kardemommeby fest på Humla

På Humla har vi i fleire månader jobba med temaet Kardemommeby. Vi har laga oss kulisser, lest boka, lytta til lydbok, lært songane, mala, teikna og vi har kledd oss ut og leika Kardemommeby. Onsdag 09. mai hadde vi "premiere".

Det var spente barn som tok imot foreldre, søsken og besteforeldre til fest. Vi hadde både Politimester, Pølsemaker, trikkefører, røvere, tante Sofie, Kamomilla, Tobias, ei løve og ei papegøye frå Amerika i koret. Publikum fekk høyre fleire songar og litt dramatisering vart det også. Det endte heldigvis bra til slutt når alle samarbeida og fekk slukke brannen i tårnet til Tobias.

Vel fortjent vart det ein god applaus til skodespelarane. Foreldre hadde bakt kake, så vi avslutta kvelden med kake, kaffe og saft.