Mai viser seg frå si beste side

Rørstadmarka barnehage brukar flittig nærområdet sitt til turar og utflukter. Nokre dagar blir slike turar ekstra herlege. Ingenting er som å leite i fjøra etter ulike skapningar, I SHORTS etter ein lang vinter.

Barna med dei lengste beina i barnehagen brukar kanskje 20 minutt på å gå til "Skjeret", særleg i shorts og med motivasjonen på topp. "Skjeret" er ei perle som vi besøker med ujamne mellomrom. Akkurat i dag var det stor fjøre, mange krabbar, tanglopper og til og med tangsprell å finne.