Sommarturen 2016

Årets sommartur gjekk til Atlanterhavsparken i Ålesund. Alle barna i barnehagen var med. Å kjøre med buss var kanskje like spennande for barna som å sjå dykkaren fore fiskane. Sola strålte om kapp med barna og personalet denne dagen.

Å reise på ein felles sommartur har blitt ein tradisjon i Rørstadmarka barnehage. Vi har gode erfaringar med å oppsøke Atlanterhavsparken, så det blei dit i år også. For barna er bussturen ein viktig ingrediens for at turen skal bli bra. For personalet sin del, set vi veldig stor pris på "finever".

På Atlanterhavsparken helste vi på pingvinar, speida etter selane som var litt sky, lot oss underhalde av dykkaren som fora fiskane, fekk halde sjøstjerner, sjøpølser, krabbar og eremittkreps i sanserommet, barna grov fram eit skjelett av ein grindkval og ikkje minst: dei leika i den kjekke vannkanalen.

Ein kjekk sommartur!