I det fine vårveret som har hatt dei siste dagane er det ekstra kjekt å gå tur i skogen. Stien er tørr og fin, og det er noko ekstra herleg å kunne gå med berre jakke og sko.
Denne dagen fekk vi studere ei stor maurtue som har vakna til live etter vinteren. Barna fekk sjå kor ivrige dei små innsekta jobba, med "reiskap" som er dobbelt så store som seg sjølv. Dei fann ut at maurane truleg er i gang med å bygge på tua si. Og dei blei einige om at dette må dei tilbake å sjå på seinare i sommar.