Utegruppa har kunstutstilling

Tirsdag 8. mai 2012 arrangerte Utegruppa utstilling av sine fotoproduksjonar kombinert med foreldrekaffe. Inntektene gjekk til ekskursjon til Atlanterhavsparken eit par dagar seinare.

Utegruppa har lenge arbeidd med eit fotoprosjekt i fjøra. Barna har valt seg nokre motiv og knipsa i veg. Seinare har barna fulgt prosessen med nedlasting av biletene frå kamera, valt ut kva for bilete dei ville "gå for", printa det ut og festa det til paspartour dei har klargjort.

Utstillinga som var for foreldre og søsken gav inntekter som gjekk til ein tur til Atlanterhavsparken seinare same veke. Både kunstnarane og publikum syntes dette var kjekt.