Hausttur til Bolvika

Ein av dagane den siste veka før skulane tek haustferie har Rørstadmarka barnehage dratt på ein hausttur. Turmålet brukar å vere til ein av dei mange fine plassane på Sula. I år tok vi turen til Bolvika i Langevågen. På denne måten fekk vi oss ein busstur også.

I lav sol frå blå himmel steig vi ut av bussen ved Bolvika i Langevågen. Med lette trinn gjekk vi den korte turen til destinasjonen vår: Bolvika.

På ein slik tur får vi oppleve noko saman, på tvers av gruppene. Det er veldig kjekt å utforske eit nytt område. I Bolvika er det laga til med klatrenett, slenger, sjørøverbåt, dissestativ, gapahuk med bålgruve, i tillegg til mark, skog og benkar. Alt saman blei prøvd ut. På sommarstid er det nok meir aktuelt å gjere seg nytte av stranda og fjøra. Vi grilla pølser på bål i grua, det smakte veldig godt.

Sula Bibliotek har eit prosjekt på gang som heiter "Barnebokskogen". Ein av deira postar var å finne i Bolvika, til glede for små og store.