Nissefest i barnehagen

Torsdag 22. desember 2016 gjekk årets nissefest av stabelen. Nisseluer, nissegraut, nissesamling og masse nisseprat er viktig på ein slik dag. Det er som vanleg veldig spennande om julenissen besøkjer barnehagen denne dagen. Det gjorde han heldigvis.

Før vi kan ta juleferie, er det nødvendig med nissefest i barnehagen. Denne dagen har dei fleste barna på seg raude klede, og gjerne ei nisselue. Av og til kan det dukke opp ein blå-nisse, men det var meir vanleg før. Nokre vil aller helst ha på seg dei vanlege kleda sine, og det er også greit. 

Dei vaksne i barnehagen leste bok for barna. Og det blei gang rundt juletreet. Til lunsj var det nissegraut. Og medan barna sat og åt kom julenissen! Det var veldig kjekt. Han hadde med ei lita gåve til barna, ein sprettball!

Gode og mette og varme var det godt å kome ut og leike seg. Sjølv om det regna.