Grilling på bål

I dag har Humla og Utegruppa grilla fisk på bål. Nokre av barna syntes det smakte godt, medan andre var letta over å kunne leite fram matboksa frå sekken.

Med sjølvfiska fisk inviterte Utegruppa med seg Humla på tur til gapahuken i dag. Der blei fisken med diverse grønsaker grilla på bål.

Det blei ein kjekk tur med tid til mykje leik.