Klassisk vinteraktivitet

Det er med stor glede og jubel vi ønsker snøen velkommen! Det er ikkje snakk om store mengder, men nok til å kunne ake på.

Seinhausten og vinteren så langt kan oppsummerast med 3 grader og regn. I alle fall om vi skal forhalde oss til "manns minne". Standardantrekk har vore cherrox, fleece-dress og regndress ytst. For all del, det er mykje god leik og læring med vatn, men ein kan bli litt lei av det same kvar dag.

Det var derfor med lette steg at barna smatt inn i vinterdressen, leita fram akeutstyr og inntok akebakken no når snøen endeleg kom. Det var akkurat nok snø til at snøen ikkje blei "aka vekk" med ein gong. Vi kunne også lage snølykt, sjølv om den blei litt grå (av småstein i snøen).

Vi håpar på ei rekkje kalde dagar slik at vi kan behalde snøen, men ser at yr.no og storm.no er einige om at plussgradane er rett om hjørnet.