Tirsdag 14. februar var det karneval her i barnehagen. Barna møtte ferdig utkledd om morgonen. Veka før hadde vi eit prosjekt med alle barna som handla om kongehuset. Så når det kom til karnevalsdagen var det mange prinsesser fekk fritt spelerom.
Kronene barna laga på formingsgruppa kunne brukast til alle antrekk på karnevalsdagen. (Vi kan konstatere at halvfabrikat-kronene var utruleg haldbare.) Det er berre vaksne som stussar på at ei vakt eller superman brukar krone.
På dramagruppa hadde barna spela eventyret om Tornerose. Eit knippe av barna fekk vere med å framføre dette på karnevalet. Det skulle vise seg at han som spelte prins denne dagen blei litt sky når det kom til det å vekke Tornerose. Vaktene var også forsiktige i utøvinga av si rolle. Dei mest ivrige skodespelarane var dei som spelte hekk.
Nokre av dei vaksne fekk ha framsyning av eventyret om prinsessa på erta. Det var artig underhaldning for små og store på barnehagen.
"Katta i sekken" høyrer med. Med nokre års erfaring veit vi omtrent kor kraftig sekken må vere for å halde til at alle barna får slå. Vi har også lært noko om at dei barna med kraftigast tilslag lyt slå sist. I år ramla det ut ei fingerdukke til kvart av barna.