Marihøna, Bikuba, Humla og Utegruppa har alle tatt føre seg kvart sitt eventyr. No til karnevalstida valgte vi derfor å gjere litt ekstra ut av det, og lage ei framsyning for resten av barna i barnehagen den dagen. Kostymene er laga i barnehagen.
Marihøna var først ute med Bukkene Bruse. Wenche var svært overbevisande som troll. Deretter gjekk alle barna vidare til neste scene som var inne på Bikuba. Der fekk vi sjå Gullhår og dei tre bjørnane.
Utegruppa hadde øvd inn eventyret om dei tre små grisane som skulle bygge seg hus. Dei blir stadig plaga av ulven som vil blåse ned huset deira. Heldigvis har den største grisen vore fornuftig og bygd huset sitt av murstein, så det greier ikkje ulven å blåse ned. Humla viste oss eventyret om skinnvotten. Det handlar om ein mann som mistar votten sin på skitur, og fleire dyr flyttar inn og held votten varm. Når mannen finn att votten sin er alle dyra akkurat flytta ut, og mannen forstår ikkje korleis votten kan vere varm etter å ha lagt ute i snøen så lenge.
Heilt til slutt fekk alle barna vere med på å slå pinjata. Når sekken til slutt rivna, ramla det ut leikedyr, eit til kvar.
Bikuba viser eventyret om Gullhår og dei tre bjørnane
Utegruppa viser eventyret om Ulven og dei tre grisane
Humla viser eventyret om skinnvotten
Marihøna viser eventyret om dei tre bukkane Bruse
Slå - slå, bare slå, katta ut av sekken nå, SLÅ!
"De e`kje en katt inni sekken, asså" var det eit barn som etterkvart slo fast. Det var heilt rett. Inni sekken ramla det ut med leikedyr, eit til kvar.