Prøve-17. mai 2017

Det er tida for å øve til 17. mai. I barnehagen kallar vi det prøve-17. mai. Vi har fane, går i tog, har ulike leikar og det er pølsespising. Det einaste som skil seg frå den ekte 17. mai er antrekk og talar. Nesten.

Rørstadmarka barnehage, det er vi!

Vi synger og leiker, er alltid blid!

HURRA! HURRA! HURRA!

Dei som var heime i nabolaget kring barnehagen, kunne følgje toget si rute etter lyden. Med taktfaste rop gjekk barnehagen bort til hovudvegen, opp til Strandman, over vegen og inn mot Trømyra, inn Røvastien, ned fortauet og inn på barnehagen sitt område igjen. 

Dette var kjekt! På slutten av runda blei det ein "sprekk i feltet", det var ein gjeng som kom inn litt etter dei andre. Men du verden for ein kjekk tur!

Inne på barnehagen sitt område blei det arrangert ulike leiker for barna, før dei fekk servert pølser og saft.