Om sommaren går tempoet litt ned, også i barnehagen. Alle har stor tru på gode temperaturar og lette antrekk, sjølv om all erfaring viser at vi på Sunnmøre må rekne med litt av kvart på den fronten. Det er uansett trygt å rydde opp etter vinteren. Mange einslege hanskar og vottar utan namn som dukkar opp.
Når både dei vaksne og barna i barnehagen har ferie blir det færre mennesker i barnehagen. Gruppene slår seg saman og nye venskap oppstår. Vi besøker leikeplassar i nabolaget, går på oppdagelsesreiser i skogen, får besøk av andre barnehagar og takkar heller ikkje nei til å få helse på ein hundekvalp.
Det er gode dagar i barnehagen.
God sommar!