Tur til Raudavatnet

På Sunnmøre kan sommaren kome litt brått på. Vi tek det likevel på strak arm, og løyste det med ein tur til Raudavatnet.

Etter fleire dagar med vind frå nord-vest og skyer som ligg lågt, var gleda over sol og varme stor. Utegruppa pakka sekken og gjekk til Raudavatnet.

På Raudavatnet fekk vi prøve ut den nye "sydensanda" frå Vigra, som grendalaget har kjøpt. Vi bygde demning som vi fylte med vatn, dansa litt og leika i skogkanten.

Barna ville ikkje tilbake til barnehagen, og foreslo at dei vaksne eventuelt kunne gå tilbake utan dei...