Eit lass grus levert

Store maskiner på nært hald er spennande. I dag fekk barnehagen eit lass grus levert utanfor porten. Barna kvitterte med spontan applaus til sjåføren når grusen var tippa ut.

Barnehagen har snart fått seg ein platting i skogkanten. Kring plattingen skal det vere grus, den blei levert i dag.

Lastebilar og andre liknande kjørety (som gravemaskin eller traktor) får alltid stor merksemd frå barna. Særleg dei som skal tippe noko, slik som denne som kom med grus.

Med skrekkblanda fryd stilte barna seg opp for å få med seg høgdepunktet; tipping av grus. Nokre heldt seg for ørene. Sjåføren kunne motta spontan applaus frå barna når grusen var trygt levert.