Hausttur til Trollskogen

Rørstadmarka barnehage brukar å ha ein felles tur for heile barnehagen litt utpå hausten. Vi har hatt ulike turmål, men det brukar å vere i barnehagen sitt nærområde. I år gjekk turen til Trollskogen, ein plass i skogen som barnehagen har dikta opp namnet til. Innhaldet var 100% klassisk: bål og grilling av pølser.

Det er alltid litt spennande med denne fellesturen på hausten: Kva ver får vi? 

Etter å ha studert pent.no og sett opp mot himmelen, kledde vi oss i regndress og varme klede. Så pakka med oss bålsaker og grillmat, før vi la i veg. Trollskogen er ei lysning i furuskogen eit stykke inn i "markane". Nokre gjekk heile vegen gjennom skogen på smale stiar, medan andre gjekk opp frå Lømyra og fekk litt meir asfalt og færre hindringar på vegen.

Å samle seg kring bålet i den stille skogen er nesten heilt magisk. Det er stille, det luktar godt, men røyken svir i augo, det knitrar og smell i veden og mange minner frå andre turar med bål dukkar opp. Barna har brått mykje dei vil fortelje eller spørre om. Med alle desse gode samtalane er det kjekt å vere bålsjef og prate med barna.

Pølsene smakar ekstra godt på ein slik tur og det er høge forventningar knytt til maten. Sjølv om mange av barna satt ved bålet og venta, rakk dei fleste også å leike seg og utforske naturen før maten var klar. Det var blåbær å finne, tre å klatre i og mengder av barnåler å leike med.