På holketur i nabolaget

Det er vinter på Sunnmøre, og vi er vitne til ein lengre periode med isholke. Vaksne og barn "knaskar" rundt med isbroddar under skoa. Denne gjengen fann ein fin bakke å ake i, men det var ikkje bruk for akebrett for å få fart.

På Sunnmøre er vi vant med at vintaren kjem og går i etappar, stadig vaska vekk av ei mild periode med regn. I romjula fekk vi snø, førre veke blei skøyteisen trygg, så kom mildveret. Utan regn. Snøen har smelta mykje, men isen på vegane blir berre glattare og hardare for kvar dag.

Barna synest dette er interessant. Denne gjengen fann ein fin bakke å ake i ved Lømyra. Der aka dei på dressen sin, forska ut isen, leika i skogkanten og fann ein komplisert måte å kome seg tilbake til barnehagen på....