Hinderløype i barnehagen

Sommarstid er det ferieavvikling både blant barna og dei tilsette. Sjølv om vi er færre på barnehagen, stansar det ikkje innsats og iver når vi set opp hinderløypa.

Vi har pakka ut dei nye kjeglene og stavane, og laga til hinderløype på fotballbana. Her gjaldt det å krype over, under og gjennom.

Barna syntes det var veldig artig. Høgdepunktet, i alle fall målt i volum, var nok likevel konkurransen mellom to av dei vaksne, Linn og Sandra.