Karneval i barnehagen

Årets karneval hadde SANSEDAG som tema. Barna kledde seg ut som "ting" som begynner på lyden S, og i barnehagen hadde vi laga til ulike sanserom på lyden S. Som snørom, sjukehus, spillerom og stormrom. Med åpne dører fekk barna sanse både vind (storm), snø, sjukdom, musikk (spelerom) og skule.

I dag møtte vi alt frå Snehvit, Sangfe, Spiderman, Sjørøvar og Sjukepleiar til Sangstjerne og Sommarfugl i barnehagen. Romma i barnehagen var gjort om til Sanserom. Vi fekk sanse Spel (musikk), Storm, Snø, Skule, Sjukehus og Strand med både ekte sand og vatn.

Alle saman kosa seg stort der dei vandra frå rom til rom. Vi hadde til og med nokre barn som hadde den BESTE dagen hittil i livet! Slikt må ein berre ta til seg.

Katta i sekken fekk kome ut, der var det Såpebobler til alle barna.

Vi avslutta med Spaghetti og kjøttbollar.