Med tursekk, støvlar, godt humør og blide vaksne gjekk turen ned til Skjeret som ein leik. Det var mykje spennande å prate om på vegen ned. Hus, bilar, tre, fuglar, helikopter,fleire traktorar og kattar for å nemne noko. Etter ein god halvtime var vi framme. Sola skein og fjøra var på sitt lavaste.
Barn og vaksne leita og fann fine steinar, skjell og kukelurar i tillegg til noko plast og søppel som vi kunne plukke med oss. Kanskje vi kan lage noko spennande av det vi fann? Vi hadde med fotoapparat som barna tok bilete med. Det var kvar sin gang og motivet fekk dei velge sjølv.
Fiskeburgar til lunsj smakte aldeles utmerka.