Utegruppa, dei eldste barna i barnehagen, har gått inn i historia om Lucia, og markerer denne dagen med tog, lys, sang og lussekattar. Dei vandra rundt barnehagen og sang så fint. Lussekattane blei delt ut til lunsj-måltidet.
Neste år håpar vi på at vi kan invitere foreldre og søsken til kveldstid, slik vi brukar, og la det vere ein sosial lyskilde i desember der barna får vise fram barnehagen sin, søsken får klemme litt på personalet som dei kjenner frå då dei gjekk her og foreldra kan kose seg med varm gløgg og bli betre kjent med dei andre foreldra.