Nyheter

  • Vintertur til Mauseidvågen

    Rørstadmarka barnehage ligg så fint til med mange turmål i nærområdet. Og av og til er det vegen som er målet. Med 1000 ting å prate om, fint føre og gode vennar har vi i dag gjort ein lang tur artig og meiningsfull.

    21.01.2026 14.56
  • Nissefesten 2025

    Nissefest i barnehagen er gøy! Da får små og store kle på seg nissete klede og vere nisse for ein dag. Og så nissar vi i lag heile dagen med nissesamling, nissegrøt og veldig gjerne eit nissebesøk frå den ekte julenissen.....

    16.12.2025 14.33
  • Den første snøen

    Det er alltid glede og forventning blant barna når den første snøen kjem. Dei eldste barna gledar seg til å teste ut akebakken igjen, nokre har venta på å kunne bygge snømann, og nokre vil helst berre spise snøen.

    18.11.2025 13.47
  • Bjørnis-besøk i barnehagen!

    Etter ein periode med fokus på brannvern i barnehagen, var det veldig kjekt å få besøk av den nasjonale brannbamsen Bjørnis. Den store bamsen hilste på alle barna, og etterpå fekk vi sjå kva utstyr som er med i brannbilen.

    02.10.2025 11.36
  • Se flere aktuelle saker i arkivet...

Laster..

Barnehagen i hjartet av Sula

På Fiskarstranda i Sula kommune finn du Rørstadmarka barnehage. Barnehagen ligg slik til at det er snertent å svinge seg innom frå hovudvegen, samtidig som vi ligg skjerma og med kort veg til mange fine turmål. Tre steinkast opp i vegen ligg også den lokale barneskulen.

Søknadsfrist 1. mars 2026

Hovudopptaket til barnehageplass frå hausten har søknadsperiode 1. januar - 1. mars. Rørstadmarka barnehage har samordna opptak med Sula kommune. Det digitale søknadsskjemaet finn ein ved å gå inn via lenka på denne sida, eller frå nettsida til Sula kommune.