Nyhetsarkiv

  • Påskekylling 2024

    Når det begynner å pipe frå styrars kontor forstår alle at det nærmar seg påske. Med rugekasse og gode kontakter har vi fått fram årets påskekyllingar i barnehagen.

  • Skinnvotten

    Mannen som mista skinnvotten undra seg over at den kunne vere varm etter å ha lagt i snøen så lenge. Barna i Rørstadmarka barnehage veit kvifor; alle dyra som budde i den medan den låg på bakken. I dag har barna kledd seg ut som eitt av desse dyra når det var karneval i barnehagen.

  • Ski- og akedag i barnehagen!

    Med ski- og akeutstyret klart var det berre å vente til den rette dagen. Og i dag kom den. Vi har kosa oss med akematter, rumpebrett, akebrett og ski heile dagen. Pluss varme og mat frå bålpanna.

  • Rørstadmarka barnehage 20 år!

    For kjempelenge sidan var det ei gruppe foreldre på Fiskarstranda som slo seg saman og bestemte seg for å etablere ein barnehage her i bygda. No 20 år seinare har vi fremdeles eit engasjert styre som ser til at 55 barn har eit barnehagetilbod ved Rørstadmarka barnehage.

  • Hausten

    Årstider er faktisk ikkje eit så enkelt tema i barnehage som ein lett kan tru. Årstider har ikkje ein klar start eller slutt, den kan ikkje datofestast og kjenneteikna til årstidene er varierande. Hittil i haust har vi hatt kjempemykje regn og ein del vind, og no er det kaldt, vindstille og frost. Begge deler er typisk for hausten….

  • Endeleg kvardag

    I Rørstadmarka barnehage gledar vi oss over fint sommarver, sjølv om sjølve sommarferien har begynt å sleppe taket for mange av oss. Med lette klede og raske bein leikar vi med ball, lagar stor fart på dissa, og leikar i skogen.

  • Sommarturen 2023

    Vi har vore på sommartur til Atlanterhavsparken! Og der har vi altså fått så mange inntrykk og lært så mykje! Kven skulle tru at oteren er så flink å svømme? Eller at kråkebollane har ekte piggar? Eller at blekkspruten har så mange sugekoppar? Eller at sjøstjernene eigentleg er ganske harde? Eller at det faktisk finst sjøpølser? Eller at det kjem bobler ut av dykkaren?

  • Kyllingane har fått ny adresse!

    Barna har kome godt i gang med kvardagen etter den lange påskeferien. No har vi brukt litt tid på å finne ut kvar kyllingane har flytta – dei bur ikkje i barnehagen lenger.

  • Kyllingar i dusjen!

    I Rørstadmarka barnehage har det oppstått ei myte om at det bur kyllingar i dusjen. Heile året sjekkar barna dusjen på personaltoalettet for å undersøke saka, og plutseleg er dei der! Kyllingane! No rett før påske.

  • Barnehagedagen 2023

    Under slagordet «Liten og stor» har barna har fått kjenne på utfordring, spenning og meistring i trygge former på ski, akebrett eller akematte - i lag med dei vaksne.

  • Kong vinter er på besøk!

    Vi veit ikkje kven som blei mest overraska i dag, barna eller dei vaksne. Men i dag blei det i alle fall plutseleg full vinter! Så da var det berre å leite fram vinterdress, hue, vottar og gode vintersko.

  • Isfritt og leikbart uteområde

    Etter ei kjempelang periode med stålis i barnehagen er barna fornøgde med å kunne forme med sanden, leike med vatn og ha ei nesten isfri fotballbane. Dei tilsette har lagt bort isbroddane og har begynt å drømme om vår og litt meir varme.

  • Bamsefar fyller 50 år!

    Vi har den siste tida gått inn i Hakkebakkeskogen og blitt kjent med alle dyra der inne. No på hausten var det kjekt å lage ein fest, og det syntes barna også! Dermed blei det bamsefest i Rørstadmarka barnehage.

  • Bjørnis besøker barnehagen

    Barnehagen har hatt ei veke med fokus på brannvern i barnehagen. Vi har hatt brannøving, hatt samlingar om temaet og blitt kjent med Bjørnis og det den bamsen har å by på. Da var det ekstra kjekt å få besøk av Bjørnis og hans team!

  • Barnehagestart i sunnmørsver

    Etter ein lang sommarferie er det DEILIG å kome tilbake til barnehagen! Gjensynet med venner og søylepytter gir dagen innhald og meining.

  • Tynnedress og joggesko

    Tynnedress og joggesko er siste knepp før "jakke og sko". I lette steg over sanden foregår butikkleik, leikestativet blir huset til ein heil familie og sykkelparken blir om til familiens framkomstmiddel.

  • Supersnø i barnehagen

    Etter fleire år i barnehagebransjen kan vi slå fast at det er lite som kan måle seg med 20 cm fersk snø. Det er glatt, mjukt, formbart og fint å sjå på. Nokre meiner til og med det smakar godt... Når ein i tillegg treff med antrekket (passe varm og passe tørr) + har rett utstyr (akematte og spade), da kan vi leike ute lenge!

  • Haust-pust i august

    Sommaren 2021 er i ferd med å takke for seg. I barnehagen synest vi det kan vere litt artig, sjølv om sommaren er ei fin tid. Søylepytt er ei verdifull råvare. Med leik og mykje moro har vi gitt oss i kast med barnehageåret 2021/2022.

  • Vårdag på Skjeret

    Skjeret er eit av turmåla innanfor Rørstadmarka barnehage si rekkevidde - til fots. På vegen dit får vi med oss mykje gøy: Fortau langs vegen med mange spennande kjøretøy, vi går forbi hus til folk vi kjenner, vi må over ei mark som eignar seg godt til springing, før vi kjem ned til Skjeret. I fjøra på Skjeret er det alltid mykje artig å finne!

  • Årets påskekyllingar

    I Rørstadmarka barnehage har vi gjort det til ein tradisjon å ruge ut kyllingar til påske. Vi har kontaktar i høne-miljøet i nærområdet, og har eiga rugemaskin. Etter endt opphald i barnehagen, drar kyllingane vidare til sin nye heim.

  • Barnehagedagen 9. mars - Små steg for kloden

    I Rørstadmarka barnehage markerte vi årets barnehagedag i nærmiljøet. Dei yngste var heilt nært, dei plukka søppel ute og kildesorterte inne. Dei litt eldre barna la turen til Kiwi, der vi mellom anna fekk sjå kva som går føre seg på bakrommet.

  • Sol i akebakken!

    I Rørstadmarka barnehage kosar barna seg med pudder-snø i akebakken. Ekstra fint blir det når sola tittar fram. Med høgt energiforbruk, stor fart og mykje glede akar barna seg gjennom barnehagedagen.

  • Godt nytt år!

    I Rørstadmarka barnehage gledar vi oss stort over rim, frost, litt snø og ikkje minst treffe igjen alle gode venner etter ein lang juleferie. Nødvendig utstyr blir leita fram: Spade, bøtte, snøskuffe, lastebil m.m. Barna er klare for ein ny dag med leik, fysiske utfordringar og nye spor i "minnebanken". Slike dagar går påkledning i garderoba raskt!

  • Makrell i tomat

    Å vere ein barnehage på bygda har mange venta og nokre uventa fordelar. Blant dei venta fordelane kan vi nemne mange fine turmål, dei fleste barna har barnehagen i sitt nærmiljø og at vi er på fornamn med dei tilsette på Kiwi. Av dei uventa fordelane kan vi trekke fram impulsivt naust-besøk til "kjentmann" i fjøra.

  • August-dagar i barnehagen

    Sommarferien er endeleg over! Men sommardagane er her fremdeles. I lag med gode vennar får barna springe, leike, snuble, gå tur, sykle, teikne, klatre og kanskje krangle litt. I lag med dei vaksne skal dei springe, leike, snuble, gå tur, sykle og finne ut korleis dei kan opprette, oppretthalde og av og til gjenopprette vennskap.

  • Prøve-17. mai i barnehagen

    17. mai er ein viktig dato. Også i barnehagen, sjølv om barnehagen alltid er stengt denne dagen. Derfor har vi i Rørstadmarka barnehage alltid arrangert "prøve-17. mai" før den rette datoen. Denne dagen får barna prøve på å gå i tog, vifte med flagg, rope hurra-rop, gå gjennom diverse tradisjonelle 17. mai-leiker og også teste noko av den klassiske menyen: pølse og is.

  • Påskekyllingar 2020

    I Rørstadmarka barnehage brukar vi å ruge ut kyllingar til påske. Denne påska er ikkje noko unntak, sjølv om Covid 19 har lagt ein dempar på opplegget.
    Mandag og natt til tirsdag har det blitt klekka ut 5 kjempesøte kyllingar. Vi trur at alle dei har same far og kjem frå Skjervane på Fiskarstranda.
    Den aller siste kyllingen, nr 6, kom til verden no i ettermiddag.

  • Leik og moro ved på naturleikeplassen

    Rett som det er, brukar vi naturleikeplassen ved gapahuken. Det er kort veg å gå, og det er mykje artig å finne på det borte. Uansett årstid.

  • Lihkku beivviin!

    Lihkku beivviin! - Gratulerer med dagen!
    Vi markerer samefolkets dag i barnehagen. Jorunn tok på seg oppgåva med å vere samefolkets ansikt denne dagen.

  • "...men heldigvis blei`kje ej spist!"

    Ein tre-fire steinkast frå barnehagen ligg gapahuken. Den ligg akkurat passe langt vekke frå barnehagen til at det blir ein skikkeleg tur, og kort nok til at den er eit ofte brukt turmål for alle gruppene. På dugnad har foreldrene satt opp både grue, gapahuk, klatrenot og balansestokk. I lag med naturen sine eigne ressursar ligg alt til rette for ei god "leike-økt".

  • Haustturen 2019

    Rørstadmarka barnehage brukar å ta ein felles tur kvar haust. I år gjekk vi til "Trollskogen", ei lokal perle ein passe lang tur inn i skogen. Det er alltid ein suksess å tenne bål, det er veldig samlande og så får vi så mange fine spørsmål frå barna. Enda større suksess er det å lage mat på bålet, den smakar alltid kjempegodt.

  • "No må vi samarbeide!"

    Etter to regntunge veker på nordvestlandet har det no vore periodar med opphald. Barna aksepterer at vi på grunn av fare for massivt yr må dei ha på regnklede og støvlar, men det er ei glede å sleppe å ha på hette. Utrusta med bøtter, spader og eit veleigna rør fann barna ut at båten var veleigna til å samle vatn i...

  • Sommardagar i barnehagen

    Det er sommar og ferietid for både små og store ved barnehagen. Barnehagen har åpent heile sommaren, men det er litt færre mennesker her. Gruppene ser plutseleg litt annaleis ut, og vi finn på litt andre ting enn vanleg, i lag med andre barn og vaksne enn vi er vant med.

  • Sommarturen 2019

    I Rørstadmarka barnehage brukar vi å markere inngangen til sommaren med ein felles tur - ein sommartur. Fordelt på to bussar tok vi oss fram til Atlanterhavsparken. Der fekk vi sjå mange slags fiskar, krabbar, sjøstjerner, blekksprut, ei utstoppa ørn, levande pingvinar, minst ein sel og to - tre otrar. Det var mange inntrykk, mykje læring og høg underhaldningsverdi!

  • Vårtur i "markane"

    Nokre steinkast frå barnehagen finn vi "markane". Det er skog og myr med smale stiar. Denne gruppa har funne seg ei passe lang sløyfe for dei korte beina. På vegen møter dei ulike utfordringar som røtter og berg, og dei rekk å undre seg over forskjellige saker undervegs.

  • Sommarvårdag

    Det er ingenting som kan måle seg med dei første dagane med "jakke og sko" i barnehagen. Alt blir lettare og enklare. Barna spring fortare og dei som ikkje kunne å sykle frå før, kan det på slike dagar!

  • Vinterdagar i barnehagen

    Vinteren på Sunnmøre stiller ikkje med garanti om snø og kulde (minusgrader), men dei dagane vi har det slik, er vi klare! Når vi i tillegg får sol frå klar himmel blir vi ekstra positive.

  • Grøne tankar - glade barn

    No i januar har Rørstadmarka barnehage starta opp med "Grøne tankar - glade barn", eit pedagogisk opplegg i psykologisk førstehjelp for barn. I boka "Sint og glad i barnehagen" får møte barn som Emil, Trine og Roald. Gjennom ein heilt vanleg dag har dei mange tankar som hentar fram ulike følelser i barna. Tankane kan vere grøne og gode, eller raude og ikkje alltid så enkle å handsame.

  • Nissefesten 2018

    Det nærmar seg jul og nissefest i barnehagen er ikkje til å kome forbi. Oppmøtet av nissar i barnehagen var overveldande, Bikuba viste ei framifrå nisse-førestilling, nissegrauten smakte som vanleg veldig godt og Julenissen hadde sendt sin eigen bror på besøk til barnehagen i dag.

  • Julebord i barnehagen

    I år blei dei eldste barna i barnehagen invitert til julebord. Avdelinga blei pynta til fest, festmat stod på menyen, og barna og personalet møtte i pent antrekk. Dei fleste barna kjente godt til begrepet julebord, og såg fram til å fylle det med innhald.

  • Seinhaustdag i barnehagen

    Etter fleire veker med regn KVAR dag blir vi utruleg glade for kalde, klare dagar i barnehagen. No kosar vi oss i vinterdressane våra med eit par minusgrader og sol frå blå himmel. Medan barna veit å setje pris på is som har lagt seg over søylepyttane, gler dei vaksne seg generelt over eit tørrare arbeidsmiljø.

  • Hausttur til Trollskogen

    Når vi skriv oktober, brukar vi i Rørstadmarka barnehage å ta oss ein felles hausttur. Turmålet er som regel i barnehagen sitt nærområde, slik at vi kjem dit ved å bruke beina. I år gjekk vi til Trollskogen, det ligg mellom Øtrevatnet og Storevatnet. Veret var ganske trollete denne dagen, men vi greidde å få fyr på bålet og grilla pølsene våre.

  • Nytt barnehageår

    Vi er godt i gang med det nye barnehageåret, det nye regntøyet har vi "gått inn" dei siste vekene. I barnehagen har vi oppdaga at dei eldste barna frå før sommaren faktisk ikkje kjem tilbake, og vi har blitt kjent med mange nye barn i barnehagen. Dei nye gruppene har begynt å "sette seg", mange av gruppene har allereie vore på fleire turar. Andre brukar tida til å bli godt kjent i barnehagen.

  • Død mus

    Barnehagen ligg slik til at "markane" er lett tilgjengeleg. Denne veka gjekk vi tur i "markane" og enda opp ved Gjølevatnet. På vegen fann vi mykje spennande, det som toppa lista var nok funnet av den døde musa.

  • Prøve- 17. mai i barnehagen

    Det er dagen før 17. mai, på barnehagen har vi "prøve- 17. mai"! Vi lagar eit langt tog som alle i barnehagen går i, bak barnehagen si flotte fane. Tilbake på barnehagen ventar klassiske 17. mai-leikar som taudraging og potetløp. Nytt av året er svampekasting!

  • Heildagstur til Skjeret

    Skjeret er ei perle vi kan gå til. Der kan vi finne små og store skattar som stein, skjell og kukelur. Denne gangen hadde vi med stormkjøkken og utstyr til å lage fiskeburger og tok lunsjen der nede.

  • Karneval i barnehagen

    Årets karneval hadde SANSEDAG som tema. Barna kledde seg ut som "ting" som begynner på lyden S, og i barnehagen hadde vi laga til ulike sanserom på lyden S. Som snørom, sjukehus, spillerom og stormrom. Med åpne dører fekk barna sanse både vind (storm), snø, sjukdom, musikk (spelerom) og skule.

  • På holketur i nabolaget

    Det er vinter på Sunnmøre, og vi er vitne til ein lengre periode med isholke. Vaksne og barn "knaskar" rundt med isbroddar under skoa. Denne gjengen fann ein fin bakke å ake i, men det var ikkje bruk for akebrett for å få fart.

  • Elle melle, di fortelle...

    Ein heilt vanleg dag i barnehagen, ein heilt vanleg haustdag. Det kan hende vi går ein liten tur, kanskje vi leikar "haien kommer" eller "alle mine duer", kanskje vi finn nokre kvistar og set opp eit tipitelt, eller det er sykling på sykkelbana og leik i sandkassa. Uansett kjem vi sjeldan utanom "å elle". Mellom barn i denne aldersgruppa blir "å elle" rekna for den mest rettferdige måten å dele eller løyse ei usemje på.

  • Hausttur til Trollskogen

    Rørstadmarka barnehage brukar å ha ein felles tur for heile barnehagen litt utpå hausten. Vi har hatt ulike turmål, men det brukar å vere i barnehagen sitt nærområde. I år gjekk turen til Trollskogen, ein plass i skogen som barnehagen har dikta opp namnet til. Innhaldet var 100% klassisk: bål og grilling av pølser.

  • Sommermodus 2017

    Barn og vaksne ved Rørstadmarka barnehage er no i sommarmodus. Det luktar av solkrem og vaflar, skrubbsår blir plastra og små og store feriehistorier blir fortalt. Det er tida for nedvask og opprydding. For nokre av barna er det siste sommar i barnehage før dei skal begynne på skulen, andre er meir ferske i barnehagefaget. Deilige dagar i barnehagen.

  • Prøve-17. mai 2017

    Det er tida for å øve til 17. mai. I barnehagen kallar vi det prøve-17. mai. Vi har fane, går i tog, har ulike leikar og det er pølsespising. Det einaste som skil seg frå den ekte 17. mai er antrekk og talar. Nesten.

  • Eventyrdag i barnehagen

    I februar er det tida for karneval, eller eventyrdag, som det blei i Rørstadmarka barnehage i år. Dei siste vekene har barna og personalet utvist stor skaparglede kring sitt utvalgte eventyr, og i dag viste alle gruppene fram eventyret sitt i fulle kostymer. Du verden kor kjekt dei har hatt det!

  • Klassisk vinteraktivitet

    Det er med stor glede og jubel vi ønsker snøen velkommen! Det er ikkje snakk om store mengder, men nok til å kunne ake på.

  • Nissefest i barnehagen

    Torsdag 22. desember 2016 gjekk årets nissefest av stabelen. Nisseluer, nissegraut, nissesamling og masse nisseprat er viktig på ein slik dag. Det er som vanleg veldig spennande om julenissen besøkjer barnehagen denne dagen. Det gjorde han heldigvis.

  • Hausttur til Bolvika

    Ein av dagane den siste veka før skulane tek haustferie har Rørstadmarka barnehage dratt på ein hausttur. Turmålet brukar å vere til ein av dei mange fine plassane på Sula. I år tok vi turen til Bolvika i Langevågen. På denne måten fekk vi oss ein busstur også.

  • 1 - 2 - 3, rødt lys!

    Sommarferien er over. Gamle venner møtast, nye vennskap skipast. Gjensyn med godt likte leiker, oppdaging av nye. Demonstrasjon av gamle kunster, meistring av nye. Velkomen til nytt barnehageår!

  • Sommarturen 2016

    Årets sommartur gjekk til Atlanterhavsparken i Ålesund. Alle barna i barnehagen var med. Å kjøre med buss var kanskje like spennande for barna som å sjå dykkaren fore fiskane. Sola strålte om kapp med barna og personalet denne dagen.

  • Mai viser seg frå si beste side

    Rørstadmarka barnehage brukar flittig nærområdet sitt til turar og utflukter. Nokre dagar blir slike turar ekstra herlege. Ingenting er som å leite i fjøra etter ulike skapningar, I SHORTS etter ein lang vinter.

  • Henry-dukke frå Røde kors

    Langevåg Røde Kors bøsøkte Rørstadmarka barnehage saman med dukka Henry. Henry er ei dukke som skal bidra til å lære barn mellom 3 og 6 år enkel førstehjelp.

  • Påskekyllingar i fleire fargar

    Kvart år har vi eit rugeprosjekt i barnehagen. I år kom det 6 kyllingar i ulike fargar.

  • Påskekyllingar?

    Tirsdag 23. februar 2016 la vi 16 egg til ruging i rugekassa i barnehagen. Dersom temperaturen er stabil og egga av god kvalitet (befrukta), skal kyllingane bli klekka tirsdag 15. mars.

  • Blekkulffest i barnehagen

    I år, som alle andre år, har vi ein temafest i desse karnevalstider. Temaet jobbar vi med i vekene fram mot festen, festen inneheld alle dei viktige elementa frå ein ordinær karnevalsfest. Vi har utkledning, "sambatog", dans, leik og moro, og vi avsluttar med å "slå katta ut av sekken".

  • Snøleik i barnehagen

    Dei siste dagane har vi blitt godt kjent med snøen som element. Den er mjuk, kald, den kan akast, etast og leikast med. Fargen er heilt kvit, i alle fall første dagen. Dessutan kan ein bli våt av snø.

  • Vintertur til Gjølevatnet

    Store og små har tatt imot kuldegrader og snø med eit stort smil. Etter den lange juleferien gjorde det godt med ein tur til Gjølevatnet.

  • Nissefesten 2015

    Nissefest i barnehagen er obligatorisk før jul. Entusiastiske barn og tilsette sørger for ein strålande fest kvart år, så også i år. Julenissen skuffa heller ikkje i år. Vi er alltid spent på om han har tid til å kome sånn rett før jul.

  • Første adventssamling

    Søndag 29. november har vi første søndag i advent. I barnehagen ordnar vi med samling og tenning av første lys litt på forskot.

  • Den første frostdagen

    Vi skriv 18. november 2015 og noterer oss at den første skikkelege dagen med frost er her, (minus 0,1 grader). Barna gleder seg over fenomenet, det er knapt til å tru at is dukkar opp av seg sjølv. Tjukke dressar, lue og sherrox høyrer med til grunnuniforma i dag, mange skjønnar etterkvart kva som var lurt med vantar også.

  • Uvanlege fiskar i barnehagen

    Ein hyggeleg fiskarmann leverte nokre fisk til barnehagen som vi skulle få studere nærmare. Det var skate, pigghå og nokre fleire spennande fiskeslag.

  • Tur til "Raudavatnet"

    "Raudavatnet", eller "Raudåna" som andre kjenner det som, er ei av naturperlene vi har ein sju-åtte steinkast frå barnehagen. Torsdag 6. august blei vi overraska av ei nydeleg sommardag på Sunnmøre, og turmål for dagen blei dit. Utrusta med solkrem, bøtter og spader gjekk timane fort.

  • Blåbærtur

    Sunnmøre har ikkje vist seg frå si mest sjarmerande side så langt denne sommaren, kva veret angår. Men fin natur med fristande blåbær, det har vi!

  • Sommartur til Atlanterhavsparken

    I år som i fjor la vi sommarturen til Atlanterhavsparken i Ålesund. Med store og små fylte vi to bussar og la i veg. Vi fekk helse på selane, pingvinane, ei mengde ulike fiskar, krabbar, hummer, skilpadder og mykje meir. I tillegg til å leike på det kjekke uteopmrådet, sjølvsagt.

  • Påskekyllingar i barnehagen

    Fram mot påske aukar spenninga rundt rugekassa i barnehagen. Vi kan no helse på to skjønne kyllingar, ein svart og ein nesten gul.

  • Karneval 2015

    Det er karnevalstid i barnehagar og skular om dagen, Rørstadmarka barnehage er ikkje noko unntak. Med vår eigen vri finn vi eit tema, legg nokre rammer og tek med barna på produksjon av effektar til kostyme og lokaler. I år var det "dyrene i Afrika" som var tema.

  • "Geitekillingen som kan telle til 10"

    Mandag 2. februar 2015 kunne Utegruppa underhalde resten av barnehagen med dramatisering av Geitekillingen som kunne telle til 10.

  • Ledig vikariat som pedagogisk leiar

    Årsvikariat som pedagogisk leiar ledig frå 1. april 2015. Du er utdannina førskulelærar/barnehagelærar, eller har anna treårig utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Vi byr på ein akkurat passe stor barnehage som ligg godt plassert til mange fine turmål, kjekke kollegaer som er opptekne av fagleg dugleik, løn etter PBL sine tariffar og ei flott barnegruppe med engasjerte foreldre.

  • Vinter i barnehagen.

    I slutten av desember var vi så heldige å få masse snø! Dei siste dagane har vi kjempa mot pluss-gradane, men vi har greid å drive noko kreativ forming med snøen.

  • Nissefest i barnehagen.

    Årets nissefest i barnehagen er godt i gang. Ingrediensane i år blei nokså likt fjorårets: nisseklede, julesangar, gang rundt juletreet, lesestund, nissegrøt, nissebesøk og nokre nisseklemmar.

  • Vinterstemning i barnehagen

    I dag fekk vi eit avbrekk i adventstida: Snø!

  • Førebuing til førjulstida

    Det dreg seg til mot desember. Nissar, juleprat og julekakebaking er i ferd med å velte innover oss. Barnehagen tek grep.

  • Høstmodus i barnehagen

    Badebuksa i hylla på barnehagen er bytta ut med skjerf og hanskar. Fargane på trea går i gultonar. Sola heng lavt på himmelen. Barna gleder seg til å gå på tur!

  • Haustturen 2014

    Kvar haust tek barnehagen seg ein fellestur i skogane kring barnehagen. I "Trollskogen" blei det leik med kongler, pinner, kos kring bålet og nygrilla pølser til lunsj.

  • Ny sand til barnehagen.

    I dag fekk barnehagen levert eit lass sand. Barna kunne knapt TRU det var sant! Ikkje nok med at mengden var massiv. Lastebilen rygga faktisk inn porten og fekk tømt lasset til jubelen frå barna.

  • Småtur i nærområdet

    August og september månad er alltid "bli kjent-tid" i barnehagen. I dag tok nokre seg ein tur i barnehagen sitt nærmiljø. Der var det mykje å sjå på og mykje å snakke om.

  • Velkommen til barnehagen!

    Etter ein historisk varm og fin sunnmørs-sommar har fleire begynt på kvardagen igjen. Nokre av oss har vore i barnehagen fleire veker allereie, medan andre starta opp denne veka. Vi gler oss til å bli kjent med nye barn og foreldre, og det er veldig kjekt å treffe igjen dei solbrune barna som vi ikkje har sett på ei stund.

  • Sommarturen 2014

    Årets sommartur gjekk til Atlanterhavsparken i Ålesund. Inne fekk vi sjå både fisk og krabbar, ute fekk vi sjå på pingvinane, leike i den store sandkassa og leike med det kjekke slusesystemet.

  • "Prøve-17. mai" i barnehagen

    Kvart år har vi "prøve-17. mai" i barnehagen. Då leitar vi fram barnehagen si fane og arrangerer "folketog" for alle barna i barnehagen. Etterpå har vi tradisjonelle 17. mai-leikar for barna, før vi avsluttar med pølse og is i barnehagen.

  • Tur til Skjeret

    Med ujamne mellomrom får naturperla Skjeret besøk av ei gruppe frå barnehagen. Der kan vi godt vere heile dagen!

  • Klekking av kyllingar i barnehagen

    Tradisjonen tro har Rørstadmarka barnehage klekking av påskekyllingar i denne tida før påske. Det er veldig spennande å følgje med på.

  • "Skodans" i barnehagen

    I dag fekk dei eldste barna i barnehagen sjå ei danseforestilling som heiter "skodans". Her blei vi tatt med til ein skobutikk, og livet som kan gå føre seg der.

  • Tur til Raudavatnet

    Sol, båt, fuglesang... vårfølelse!

  • 100 års dag

    Aafk er 100 år i år og inviterte barnehagar til å vere med på bursdagsfesten.

  • Ekte ungdommar i barnehagen!

    To kjekke ungdommar frå 9. trinnet ved Sula ungdomsskule er utplassert denne veka ved Rørstadmarka barnehage. Dei har noko som kallast "pryo-veke", der ungdommane ei veke skal prøve seg i ulike yrker.

  • Snømann på besøk

    I heile vinter har vi vore "plaga" av tørke og temperaturar over 0. I dag kan vi glede oss over kram og fin snø.

  • Pirat-karneval i barnehagen

    Onsdag 26. februar 2014 var det karneval i Rørstadmarka barnehage. Med "pirat" som tema, har personalet og barna lagt seg i selen for å få til ein artig fest utandørs. I deileg vår-ver fekk barna vere med på skattejakt, pølse-spising og ute-teater.

  • Tur til Ålesund

    Utegruppa har vore på Ålesund tur. Der besøkte vi både Jugendstilsenteret og Kube.

  • Vinter i januar!

    Etter ein regntung desember og ein mild start på det nye året, åpna vi veke 3 med minusgrader og snø. Strålande!

  • Nissefest i barnehagen!

    Tirsdag 17. desember 2013 var det nissefest i barnehagen. Barna gjekk rundt juletreet, julegraut blei servert og sjølvaste julenissen kom for å helse på alle dei kjekke barna ved Rørstadmarka barnehage.

  • Adventsamling i barnehagen

    Fredag 29. november gjekk sesongens første adventsamling av stabelen. Det var stemningsfullt med alle barna samla på fellesrommet.

  • Barnehagen 10 år!

    Torsdag 31. oktober 2013 kunne Rørstadmarka barnehage feire sine 10 første år. Barnehagen blei pynta med ballongar og glitterband til den store dagen. Personalet og barna stilte med festantrekk og partyhatt.

  • Hausttur til "Trollskogen"

    Kvar haust har vi ein hausttur for alle barna i barnehagen. Turmålet er innan rekkevidde for både små og litt større bein, "Trollskogen" denne gongen. På tur er det ingenting smakar som pølser kokt over bål.

  • Barnehageåret er godt igang

    Stiane i skogane i nærområdet til barnehagen blir flittig brukt. Framleis finn vi spor etter orkanen Dagmar som herja her for nesten to år sidan.

  • Oppstart og tilvenning

    Sommaren går mot slutten og eit nytt barnehageår er igang. Mange av barna og nokre av dei tilsette har begynt på nye avdelingar, og vi har gleden av å bli kjent med heilt nye barn som startar ved Rørstadmarka barnehage denne hausten.

  • Sommermodus i barnehagen.

    Medan vi ventar på varmerekordar og full sommar, finn vi på forskjellige aktivitetar for barna. Her studerer vi livet på Skjervane.

  • Tur til Skjeret

    Onsdag 29. mai 2013 var "Humla" på tur til Skjeret. Det var varmt og godt i lufta, sol og blå himmel, mange krabbar og strandlopper å finne. Det var berre så vidt dei hadde tid til å kome tilbake til barnehagen...

  • Tur til Trømyra

    Mandag 6. mai 2013 gjekk avdelinga Bikuba til leikeplassen Trømyra. Der fekk dei helse på vennar frå i haust: snegler og skrukketroll.

  • Kyllingar i barnehagen

    Eit sikkert "snart påske-teikn" i barnehagen er når det dukkar opp kyllingar. Dei blir ruga fram i barnehagen si rugekasse. Det er alltid stor spenning knytt til denne prosessen.

  • Ski- og akedag i barnehagen

    Fredag 15. februar 2013 gjekk årets ski- og akedag av stabelen. Med godt humør, god glid og deilig pølse kokt over bålet fekk vi ein strålande tur.

  • Karneval i barnehagen

    Torsdag 7. februar 2013 gjekk årets karneval av stabelen. Årets tema var TROLL, vi ordna oss med strålande ver, fyrte opp trollgryte over bålet og hadde ein strålande fest ute på barnehagen sitt område.

  • Snømaling

    Mandag 4. februar pakka Utegruppa med seg maling og kost, kledde seg for sluddbyger og satte kursen mot Lømyra. Der fekk barna kvar si rute i snøen dei fekk dekorere fritt.

  • Frosne kummar og tette kar

    Torsdag 31. januar 2013 fekk barnehagen besøk av "sugebilen". Vatnet i ein av kummane har frose til is, dermed slepp ikkje nytt vatn forbi. I dag fekk vi hjelp av Slamsug AS til å fjerne vatnet.

  • Marmorering av ark i barnehagen

    Tirsdag 22. januar 2013 fann dei vaksne på Marihøna fram maling, vatn, eit vasskar og papir. Saman med barna på avdelinga marmorerte dei papir.

  • Lakenskogen til barnehagen

    Tirsdag 22. januar 2013 fekk dei eldste barna bli med inn i "Lakenskogen". Teaterstykket blei spela her i barnehagen. Barna fekk delta i teaterstykket og dei fekk også møte eit "lakenbarn".

  • Barnehageplass frå 1. august?

    Dei som har behov for barnehageplass frå hausten, må søke innan 1. mars 2013.

  • Vinterutflukt til gapahuken

    Torsdag 10. januar pakka Utegruppa med seg pinnebrød-deig og anna nødvendig utstyr og gjekk til skogs. Ved gapahuken fyrte dei opp i grua og grilla seg pinnebrød.

  • Julegudsteneste i Langevåg kyrkje

    I dag var det julegudsteneste for nokre av barnehagane på Sula. Saman med to andre barnehagar, deltok vi på barnehagegudsteneste i Langevåg kyrkje.

  • Lussekattar i produksjon

    Torsdag 13. desember ventar vi storinnrykk av foreldre og søsken til barnehagen. På kvelden skal vi ha Lucia-fest ute på barnehagen sitt område. Det må bakast mange lussekattar for å ha nok til alle.

  • Endeleg snø

    No har vi venta oss gjennom barfrost og kulde på at snøen skulle dukke opp. I dag kom snøen til barnehagen.

  • Gym i gymsalen

    Mandag 12. november 2012 gjekk avdelinga Bikuba til skulen for å ha gym i gymsalen. Barna boltrar seg med balleik, klatring og akrobatiske leikar.

  • Heile barnehagen på hausttur

    Torsdag 18. oktober 2012 pakka vi med oss bålgryta, friska opp knutane frå "taubrukurset" og gjekk på tur med heile barnehagen til "Trollskogen". Der kosa vi oss stort med balansering på tau, eting av pølser og leik i skogen.

  • På jakt etter skrukketroll

    I dag gjekk heile gruppa på Bikuba ut på tur på jakt etter skrukketroll. På førehand hadde dei gått gjennom korleis eit skrukketroll ser ut og kvar dei kan rekne med å finne dei. I skogen ved gapahuken leita dei fram fleire skrukketroll. Og nokre andre småkryp også.

  • Foreldremøte i barnehagen torsdag 20. september 2012

    Kvar haust held barnehagen foreldremøte for alle føresette i barnehagen. Torsdag 20. september kl. 18.00 er det foreldremøte ved Rørstadmarka barnehage.

  • Tur til Gjølevatnet og Veddeskogen

    Saman med Therese og Marit gjekk Utegruppa på markatur i dag. Først til Gjølevatnet, og så vidare utover til Veddeskogen. Turen tok dei fire timar, timar dei fylte med leik, prat, ulike små diskusjonar, oppdaging av støvel/gjørme-fenomenet i tillegg til vanleg norsk trasking i skogen.

  • Krabbejakt på Skjeret

    Dei fleste barna er tilbake i barnehagen etter ferien. Denne dagen passa det fint å ta seg ein tur til fjøra. Vi letta på steinar og fann mange krabbar og tanglopper, vi fann mange fine skjell og vi fekk ausa mange liter vatn opp på land. Før vi returnerte til barnehagen sette vi krabbane fri.

  • Hinderløype i barnehagen

    Sommarstid er det ferieavvikling både blant barna og dei tilsette. Sjølv om vi er færre på barnehagen, stansar det ikkje innsats og iver når vi set opp hinderløypa.

  • Eit lass grus levert

    Store maskiner på nært hald er spennande. I dag fekk barnehagen eit lass grus levert utanfor porten. Barna kvitterte med spontan applaus til sjåføren når grusen var tippa ut.

  • Tur til Raudavatnet

    På Sunnmøre kan sommaren kome litt brått på. Vi tek det likevel på strak arm, og løyste det med ein tur til Raudavatnet.

  • Sommartur til Vigra!

    Torsdag 7. juni 2012 la barnehagen ut på årets sommartur. Etter ein halvtimes busstur fekk vi ein fin dag i fjøresteinane på Vigra og eit spennande møte med ulike dyr på Emanuelgarden.

  • Utegruppa har kunstutstilling

    Tirsdag 8. mai 2012 arrangerte Utegruppa utstilling av sine fotoproduksjonar kombinert med foreldrekaffe. Inntektene gjekk til ekskursjon til Atlanterhavsparken eit par dagar seinare.

  • Maurtuestudie i skogen

    Tirsdag 22. mai 2012 fekk nokre av barna studere ei maurtue i skogen. Med fint ver og gode turkameratar er det lite som kan måle seg med ein slik tur.

  • Kardemommeby fest på Humla

    På Humla har vi i fleire månader jobba med temaet Kardemommeby. Vi har laga oss kulisser, lest boka, lytta til lydbok, lært songane, mala, teikna og vi har kledd oss ut og leika Kardemommeby. Onsdag 09. mai hadde vi "premiere".

  • Teaterbesøk i barnehagen

    Onsdag 9. mai 2012 fekk Rørstadmarka barnehage besøk av "Prinsessen som ikke ville le" fra Teateret vårt. Barna på barnehagen hadde stor forståing for at prinsessa kjedar seg på slottet, sidan ho aldri får besøk.

  • Prøvetur med "bussen"

    Barnehagen har kjøpt inn ei stor turvogn med plass til 6 små barn. "Bussen" er kjempepopulær blant barna, og dei vaksne synest dette er ein kjekk og effektiv måte å kome seg fram på. Med turvogna kan ein ta seg litt lengre turar, der dei små beina får bytte på å kvile.

  • Turtrening med turtau

    På bare vegar og med sola som varmar i nakken er det god stemning når Marihøna legg ut på prøvetur med det nye turtauet. Turtauet er ei fin rettesnor for barna.

  • Fotballsesongen er i gang

    Fotballsesongen i barnehagen har vel eigentleg aldri lagt nede i barnehagen, men i dag var den tørre bana ekstra innbydande for barna i vårsola.

  • Ettermiddag i vårsola

    Utpå ettermiddagen kan det vere godt å sette seg ned og ta ein sang. Frå sandkassa fangar vi opp strofer frå "alle killebukkane" som blir framført med stor innleving.

  • Nytt styre ved Rørstadmarka barnehage SA

    Onsdag 28. mars 2012 heldt eigarstyret ved barnehagen årsmøte. Nye styremedlemmar blei valt av det frammøtte foreldrerådet. Årsmøtet vedtok også nye vedtekter for barnehagen.

  • Snøkyllingar i barnehagen

    Tretten ekte kyllingar i barnehagen har inspirert vaksne og barn i uteleiken. Med kram nysnø, sterke vaksne, ivrige barn og mykje gulmåling fekk vi fram to kjempekyllingar.

  • Påskekyllingar i barnehagen

    Barna og dei vaksne på barnehagen hørte at det peip og krafsa i rugekassa på barnehagen i dag. Det var ikkje ein dinossaur som hadde kome ut av egga, som eit av barna foreslo, men fleire svarte og gule kyllingar.

  • Ein vinterdag i mars

    Etter eit par bare månader i 2012 vakna vi opp til snø i dag. Barna syntes at snø var eit kjærkome innsalg i vinteren. Den krame snøen let seg raskt omforme til snømenn.

  • Tur til gapahuken

    Med pølse og ved i sekken var Humla klar for tur til gapahuken. Det å grille pølsene sjølv er alltid spanande, og da må vi spikke oss pølsepinnar.

  • Kyllingar til påske?

    Etter nøye utrekningar og telling av dagar i kalenderen, la vi egg i rugekassa tirsdag 6. mars. Dersom alt går etter planen skal egga klekke tirsdag 27. mars.

  • Kaninbesøk i barnehagen

    Onsdag 7. mars 2012 kom kaninene Josefine og Trampe på eit lite besøk i barnehagen. Barna syntes dei var mjuke å klappe på og undra seg over at den kvite kanina har raude auge.

  • Fotoprosjekt i fjøra

    Utegruppa er i gang med sitt fotoprosjekt. Dei vel ulike motiv og knipsar bileter. Deretter får barna bli med på prosessen frå kamera til papir. Det heile skal ende i ei fotoutstilling for foreldra.

  • Bjørnen sover

    "Bjørnen sover" er ein sentral regelleik for barna på barnehagen. Til meir den blir leika, til artigare blir den.

  • Karneval i barnehagen - 14.02.2012

    Med stor entusiasme gjekk årets karneval av stabelen. Etter prosjektet "kongehuset" førre veke, var det naturleg at temaet for karnevalet gjekk i dei baner. Det var tett mellom prinsessene, vi hadde nokre kongar og prinsar, ein del vakter pluss ei og anna løve og tiger.

  • Grilling på bål

    I dag har Humla og Utegruppa grilla fisk på bål. Nokre av barna syntes det smakte godt, medan andre var letta over å kunne leite fram matboksa frå sekken.

  • Arbeid med kulisser

    Humla har begynt å jobbe med Kardemomme by. Kardemommeby-loven heng på veggen, og barna er kjent med at tante Sofie kan være streng. Nå treng dei kulisser for å arbeide med Kardemomme by frå ein annan vinkel.

  • Prosjekt om kongehuset

    Prosjektet om kongehuset varte i 3 dagar. Temaet blei belyst av ein "faktapost", ei formingsgruppe og ei dramagruppe.

  • Bukkene Bruse i badeland

    I gamle dagar gjekk Bukkane Bruse til seters for å gjere seg feit. No til dags tek dei gjerne turen til badeland.